Støytiltak på eldre bygg

 
Støytiltak på eldre byggFoto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret.
Fosenhus AS vart tildelt den åttande kontrakten om støytiltak. 1/3 av bygga er registrert som kulturminne i SEFRAK-registeret.

Den lokale bedrifta er frå før entreprenør for den sjette entreprisen på støytiltak  og har dessutan røynsle med støytiltak på hus kring Ørland flystasjon frå nokre år tilbake.

Storleiken til kontrakten er på 25 mill. inkl. mva og inneheld tiltak på til saman omlag 70 hus.

Omlag 25 av husa er SEFRAK-bygg. Dette vil sei bygg (i hovudsak eldre enn år 1900) som er registrert som kulturminne i SEFRAK-registeret, og som inneber at bygget sin verneverdi vert vurdert når det skal gjerast tiltak på det.

Arbeida er venta å starta opp i løpet av januar 2019. 

Entreprisar støytiltak
Entreprisar for utføring av støytiltak er delt opp i totalt 12 uavhengige entreprisar. Entreprise 10 vart lyst ut på Mercell 15. november 2018.

Status utføring av støytiltak
Totalt har 1250 undersøkingar vorte utførd for å avdekkje behov for støyreduserande tiltak. Per 1. november er 748 hus prosjektert og 700 avtalar inngått. 344 hus er i prosess og 285 hus er overlevert til huseigar med ferdige tiltak. 

Brev om ikkje tiltak
Rundt 500 hus er venta å ikkje ha krav på støytiltak etter utført undersøking, då dei oppfyll krava til innandørs lydnivå utan at tiltak vert gjennomført. Halvparten av desse husa fekk brev om dette i fjor vinter, mens den siste halvparten kan venta å få brev om det i nær framtid.

 

 
 
 
 

Aktivitetskalender

Vis alle

  

Nytt om navn

Vis alle

  

Bygg Reis Deg 2017

Vis alle

  

Prosjektnyheter

Vis alle

  

Produktnyheter

Vis alle

  

 
 
 
Retningslinjer for datahåndtering, personvern og informasjonskapsler

Ved å surfe videre på vår hjemmeside og bruke våre tjenester godkjenner du at vi samler inn data om dine besøk. I vår personvernerklæring forklarer vi hvilke data vi samler inn, hvorfor vi samler dem inn og hva vi bruker dem til. Les mer...

OK, jeg forstår