Serviceteknikar Ventilasjon

 
Serviceteknikar Ventilasjon
Vil du jobbe med energieffektive løysningar? GK søker etter serviceteknikar til vår kontorstad i Ålesund

Har du fagleg stoltheit og vil jobbe med bransjens mest framtidsretta teknologi og bidra til eit berekraftig og betre miljø? Da vil du passe her hjå oss i GK!

Hos GK vil du få jobbe sjølvstendig i større og mindre oppdrag, og som vårt ansikt utad så det er viktig for oss at du bidreg til ei god kundeoppleving og utfører godt teknisk arbeid.. Du vil bli utfordra gjennom totaltekniske problemstillingar, og vil være ansvarleg for at alle oppdrag blir gjennomført etter dei krav og sikkerheitsrutinar som er fastsett. Vi ser etter deg som er fagleg interessert og vil jobbe for eit betre miljø.

Distrikt GK Nordvest har totalt 84 tilsette innan ventilasjon, service, byggautomasjon, kulde og energi, der 27 av dei er lokalisert i Ålesund. Med so mange kompetente medarbeidarar vil du bli ein del av eit særs godt kompetansemiljø som du kan utvikle deg vidare i. Vi er opptekne av berekraft og har stort fokus på innovasjon og utvikling, og ynskjer å vere ein pådrivar for ein meir berekraftig bransje. Difor er vi opptekne av å levere høg kvalitet som sikrar gode bygg med sunn driftsøkonomi også for neste generasjon.

Arbeidsoppgåver:

  • Service og vedlikehald av klimaanlegg
  • Feilsøking på anlegg ved akutte feil.
  • Mindre ombygging av klimaanlegg
  • Oppstart, innregulering og kontroll av klimaanlegg
  • Kundeansvar og engasjement
  • Teamjobbing på avdelinga
  • Salg av våre tenester

Føretrukne kvalifikasjonar:

  • Gjerne fagbrev innan elektro, byggautomasjon eller kjøling
  • Bakgrunn frå byggautomasjon/elektro, kjøling eller service på ventilasjonssystem, drift- og forvaltning av bygg er en fordel
  • God kunnskap om prosessen rundt ventilasjon og kjøling
  • Omgjengeleg, serviceinnstilt, sjølvstendig og lærevillig.

Vi kan tilby:

  • Ei interessant stilling i eit selskap i utvikling, i eit stort konsern med solid økonomi
  • Utfordrande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
  • Kurs og etterutdanning
  • Gode datasystem for prosjekt- og økonomistyring
  • Gode pensjons-, lønns- og forsikringsforhold
  • Bil- og telefonordning

Søknadsfrist: 18.04.2021

Arbeidssted: Møre og Romsdal

Søk her

 

 
 
 

Stilling ledig

Vise alle ledige stillinger

Byggekostnadskalkulator

Byggekalkulatoren gir deg et enkelt prisanslag for byggeprosjekter basert på areal og geografisk område.

Avansert byggekostnadskalkulator
Klikk her for å logge inn

Produktnyheter

Vis alle

  

Bransjekommentar

Vis alle

  

Siste papirutgave

 
 
 
Retningslinjer for datahåndtering, personvern og informasjonskapsler

Ved å surfe videre på vår hjemmeside og bruke våre tjenester godkjenner du at vi samler inn data om dine besøk. I vår personvernerklæring forklarer vi hvilke data vi samler inn, hvorfor vi samler dem inn og hva vi bruker dem til. Les mer...

OK, jeg forstår