Fire forslag til nytt bygg for Voldas medieutdanning

 
Fire forslag til nytt bygg for Voldas medieutdanningForslag til det nye bygget for medieutdanninga i Volda: dei fire konkurransedeltakarane er Veidekke og arkitektgruppen Lille Frøen (øverst t.v.), Peab K Norang og LINK arkitektur (øverst t.h.), HENT og MAD arkitekter og Oslo Works (nederst t.v.) og HS Bygg og HLM Arkitektur (nederst til høyre). (Foto: Statsbygg).
Statsbygg har fått inn fire forslag til eit nybygg for medieutdanninga ved Høgskulen i Volda.

Ved Høgskulen i Volda (HVO) blir både journalistar, animatørar, kommunikatørar, mediedesignarar og produsentar utdanna. Tidlegare i år lyste Statsbygg ut ein avgrensa konkurranse for eit nybygg for mediefaga. Her skal 500 studentar og 50 tilsette bli samla under eitt tak.

Fire kvalifiserte

I konkurransen melde fire entreprenører med kvar sine rådgjevargrupper interesse. Alle blei vurderte til å vere kvalifiserte. Dei fire konkurransedeltakarane er i tilfeldig rekkjefølge: K Norang AS / PEAB, HS Bygg AS, HENT AS og Veidekke. Konkurransedeltakarane har no levert inn løysingsforslaga sine. Dei kan du sjå her.

Blir avgjort i løpet av hausten

Ved Høgskulen i Volda har ein ønskt seg eit nybygg i meir enn ti år. Det nye bygget vil gjere det mogleg for dei ulike mediefaga å halde seg i forkant av utviklinga. Statsbygg gjennomfører prosjektet på oppdrag frå HVO som totalentreprise med forslag til løysing. Den som vinn konkurransen, har enkelt forklart altså teikna nybygget og skal også stå for bygginga av det.

Det nye bygget vil få eit brutto bygningsareal på 2700 m². Eit viktig forhold ved konkurransen er korleis bygget kompletterer og utviklar campusen.

Ei evaluering av Statsbygg og HVO skal i løpet av hausten føre fram til ein vinnar av konkurransen. På det grunnlaget skal HVO vedta om prosjektet kan realiserast. Vedtek dei at det kan skje, vil prosjektet bli tilarbeidd fram til bygging. Også regjeringa skal ta stilling til realiseringa av prosjektet.

 

 
 
 
 

Aktivitetskalender

Vis alle

  

Nytt om navn

Vis alle

  

Bygg Reis Deg 2017

Vis alle

  

Prosjektnyheter

Vis alle

  

Produktnyheter

Vis alle

  

 
 
 
Retningslinjer for datahåndtering, personvern og informasjonskapsler

Ved å surfe videre på vår hjemmeside og bruke våre tjenester godkjenner du at vi samler inn data om dine besøk. I vår personvernerklæring forklarer vi hvilke data vi samler inn, hvorfor vi samler dem inn og hva vi bruker dem til. Les mer...

OK, jeg forstår