Bergensbanen får digitale signal

 
Bergensbanen får digitale signalIllustrasjonsbilde fra Bergensbanen. Foto: Øystein Grue, Bane NOR
Bane NOR har inngått kontrakt med NRC Group for førebuande arbeid for innføringa av det nye signalsystemet på Flåmsbana, Randsfjordbanen og Bergensbanen.

Bane NOR skal erstatte det utdaterte signalanlegget i Norge med digitale ERTMS (European Rail Traffic Management System). Kort forklart flyttast signala langs sporet inn i ein skjerm i lokføraren sitt panel. Nordlandsbanen frå Grong til Bodø er neste strekning ut, og opnar med ERTMS i drift 31. oktober 2022. I 2023 får historiske og vakre Bergensbanen det nye signalsystemet.

Før ERTMS kan takast i bruk må ei rekke anleggsarbeid gjerast langs jernbanen. NRC Bane skal prosjektere og bygge føringsvegar, fundament for nye tekniske hus og straumforsyning (lågspenningsanlegg) på til saman 37 stasjonar, 44 planovergangar, 7 blokkpostar, to sidespor og 10 varslingsanlegg for ras.

– NRC Group leverte eit godt tilbod som gjer oss trygge på at dei fattar jobben som skal gjerast og vil levere innan kontraktens fristar. NRC Group gjorde ein svært god jobb på førre kontrakt for Bergensbanen øst i 2018 og 2019. Me ser frem til eit like godt samarbeid og resultat nå, med dei resterande arbeidande som skal gjerest på Bergensbanen, fortel Kristin Aursand, som leiar avdelinga som arbeide med forberedande arbeid for det nye signalsystemet i Bane NOR.

Kontrakten er ein totalentreprise, og arbeidet startar april 2020 og skal vera ferdig i desember 2021. Verdien på kontrakten er på 199 millionar.

– Vi gler oss over å vera ein del av denne store, viktige og ikkje minst prestisjefylte satsinga til Bane NOR. Oppgraderingane er sårt tiltrengte, og at vi kan vera med på å bygge ut Norges berekraftige infrastruktur og dermed sørge for ein smidigare reiseveg for ei rekke brukarar er svært positivt, seier Martin Inge Olsen, divisjonsdirektør i NRC Bane AS.

 

 
 
 
 

Stilling ledig

Vise alle ledige stillinger

Byggekostnadskalkulator

Byggekalkulatoren gir deg et enkelt prisanslag for byggeprosjekter basert på areal og geografisk område.

Avansert byggekostnadskalkulator
Klikk her for å logge inn

Produktnyheter

Vis alle

  

Bransjekommentar

Vis alle

  

Siste papirutgave

 
 
 
Retningslinjer for datahåndtering, personvern og informasjonskapsler

Ved å surfe videre på vår hjemmeside og bruke våre tjenester godkjenner du at vi samler inn data om dine besøk. I vår personvernerklæring forklarer vi hvilke data vi samler inn, hvorfor vi samler dem inn og hva vi bruker dem til. Les mer...

OK, jeg forstår