Sivilingeniør/ingeniør - inneklima og bygningstekniske installasjonar

 
Sivilingeniør/ingeniør - inneklima og bygningstekniske installasjonar
Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) er eit nasjonalt kompetansesenter for bustad- og byggkvalitet. Vi er sentral myndigheit for det bygningstekniske regelverket, fører tilsyn med byggevarer og driv ordninga for sentral godkjenning. DiBK skal være ein pådrivar for å fremja god byggkvalitet. Direktoratet er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Vi er 90 tilsette og har kontor i Oslo og Gjøvik.

Stillinga er plassert i avdeling for virkemidler og utvikling som har ansvar for å utvikle morgondagens krav til byggverk og utvikle virkemiddel for å fremje god byggkvalitet. Avdelinga har ansvar for utgreiingar, evalueringar og analyser av effektar av regelverket. Utgreiingar av korleis framtidas bygningar kan møte naturgitte og samfunnsmessige behov, og dei behov brukarane av byggverk har, er også ein del av avdelinga sitt ansvar. Vi søker ein ny medarbeidar i Oslo innan fagområda inneklima og bygningstekniske installasjonar. Du vil bli ein del av det spennande fagmiljøet vårt som utviklar kunnskap om byggsektoren, effektar av regelverket og samanhengen mellom ulike bygningspolitiske virkemiddel.

Kontaktperson: Christine Molland Karlsen
Stillingstittel: Avdelingsdirektør
Telefon: (+47) 951 67 814
E-mail: cmk@dibk.no

Søknadsfrist: 05.11.2017

Arbeidsoppgåver

  • Innhente og systematisere kunnskap om brukarbehov og effektar av ulike virkemiddel innan fagområda inneklima og bygningstekniske installasjonar.
  • Utvikle fagområda inneklima og bygningstekniske installasjonar og utvikle kunnskap om korleis byggereglar og andre virkemiddel fremjar kvalitet.
  • Delta i arbeid med utvikling av byggteknisk forskrift med tilhørande rettleiing.
  • Bidra til økt digitalisering.
  • Samarbeide med byggenæringa, interesseorganisasjonar og andre myndigheiter.
  • Delta i nasjonalt standardiseringsarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå i ingeniørfag, helst innan vvs, bygg eller miljø.
  • Relevant utdanning på bachelornivå med arbeidserfaring frå bygningsrelatert verksemd kan kompensere for utdanningskravet.
  • Arbeidsoppgåvene i stillinga gjer at du må kunne norsk munnleg og skriftleg.
  • Kunnskap om relevante fagområde, kunnskap om byggteknisk forskrift og anna sentralt regelverk vil bli lagt vekt på.
  • God digital forståing vil bli lagt vekt på.
  • Erfaring frå prosjektarbeid er ønskeleg.
  • Erfaring frå offentlege anskaffingar er ønskeleg.

Utdanningsretning

  • Ingeniør / Sivilingeniør.
  • Maskin / bygg.

Utdanningsnivå

  • Høgskule / Universitet, Hovudfag / Mastergrad.
  • Høgskule / Universitet, Diplom / Bachelorgrad.

Personlege eigenskapar

  • Du har eit breitt fagleg engasjement og har interesse for byggsektoren og våre bygde omgjevnader.
  • Du må ha kunnskap om politiske prosessar og ha god rolleforståing.
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
  • Du må trivast med å bygge relasjonar både internt og eksternt.

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø.
  • Eit tverrfagleg fagmiljø innan bygningsteknikk, juss og digitalisering.
  • Høve til fagleg utvikling og tilgang til eit stort fagleg nettverk, både nasjonalt og internasjonalt.
  • Direktoratet følger statens arbeidstidsordningar og har ein god personalpolitikk.
  • Arbeidsstad er i våre moderne og hyggelege lokale sentralt i Oslo.
  • Løn etter kvalifikasjonar som overingeniør 460 000 – 650 000 eller senioringeniør 580 000 – 750 000 etter statens lønnsregulativ. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare løn bli vurdert.
  • Stillinga gir medlemskap i Statens Pensjonskasse med ei god tenestepensjonsordning, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring og høve til bustadlån etter reglar fastsette av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
  • Vi er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne og etnisitet.
  • Direktoratet er omfatta av reglar i offentligheitslova om rett til innsyn i søkarlister. Søkar vil bli varsla før eventuell offentliggjering skjer.
Søk på stillingen her
comments powered by Disqus
 

 
 
 
 

Aktivitetskalender

Vis alle

  

Nytt om navn

Vis alle

  

Siste papirutgave

Prosjektnyheter

Vis alle

  

Produktnyheter

Vis alle